Historisk arkiv

Erklæring frå EU om offentleggjeringa av den endelege rapporten frå EUs valobservatørsendelag til Etiopia 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU takkar EUs valobservatørsendelag for ei upartisk og uavhengig evaluering av valprosessen i Etiopia og merkjer seg vurderinga og tilrådingane i den endelege rapporten.

EU takkar EUs valobservatørsendelag for ei upartisk og uavhengig evaluering av valprosessen i Etiopia og merkjer seg vurderinga og tilrådingane i den endelege rapporten.  

EU beklagar at det ikkje har vore mogeleg å verte samde om at sjefsobservatør Thijs Berman skal leggje fram sluttrapporten for den etiopiske regjeringa i Addis Abeba, i tråd med vanleg praksis for EUs valobservatørsendelag. 

Når den endelege rapporten no er offentleggjord, oppmodar EU regjeringa i Etiopia om å dra lærdom av rapporten og vurdere tilrådingane nøye. 

EU legg stor vekt på å fremje menneskerettane, demokratisk styresett og rettsstatens prinsipp og vil vidareføre dialogen om desse felles verdiane med Etiopia. 

Den europeiske unionen stadfester på nytt sin vilje til å vidareføre støtta til måla Etiopia har om utrydding av fattigdom og om økonomisk og sosial utvikling som fastsett i  den nasjonale planen for vekst og endring. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen. 

+ Island er framleis medlem av Efta og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.