Historisk arkiv

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av EU om feiringa av Verdas vassdag 22. mars (19.03.10)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

EU stadfestar støtta til full gjennomføring av alle menneskerettar, sidan alle desse rettane byggjer på den ibuande verdigheita til mennesket. Som eit eksempel på at EU forpliktar seg til å fremje og verne om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, feirar unionen Europas vassdag og Verdas vassdag.

EU stadfestar støtta til full gjennomføring av alle menneskerettar, sidan alle desse rettane byggjer på den ibuande verdigheita til mennesket. Som eit eksempel på at EU forpliktar seg til å fremje og verne om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, feirar unionen Europas vassdag og Verdas vassdag.

På Verdas vassdag understrekar EU på ny at alle statar har menneskerettslege plikter om å sikre tilgang til trygt drikkevatn, som må vere disponibelt og fysisk tilgjengeleg, til ein overkommeleg pris og av akseptabel kvalitet.

EU erkjenner òg at forpliktingane om å sikre tilgang til trygt drikkevatn og gode sanitære forhold, er nært knytte til individuelle menneskerettar som retten til bustad, mat og helse. Åttiåtte prosent av tilfella av diaré skuldast dårleg vatn og utilfredsstillande sanitære forhold, og dette fører til at ca. 2,2 millionar menneske døyr kvart år, dei fleste av dei barn under fem år. Omlag kvart 20. sekund døyr det eit barn ein stad i verda som følgje av diaré eller infeksjonssjukdommar som skuldast kvaliteten på og tilgangen til drikkevatn, dårleg hygiene og mangelfulle sanitære forhold.

Men sjølv om tilgang til trygt drikkevatn er knytt til individuelle rettar, er det i endå større grad ein sentral del av retten til ein tilfredsstillande levestandard og har nær samanheng med menneskeverdet.

EU konstaterer at fleire FN-organ, sivilsamfunnsorganisasjonar, ekspertar, profesjonelle, regjeringar og andre meiner at menneskeretten til vatn må anerkjennast i større grad. Dersom dei menneskerettslege forpliktingane om trygt drikkevatn vert anerkjende, kan dette bidra til å betre situasjonen for dei omlag 884 millionane menneske som ikkje har tilgang til gode drikkevasskjelder, og dei over 2,5 milliardane som ikkje har tilgang til grunnleggjande sanitæranlegg.

EU feirar verdas 13. vassdag og organiserer i år for første gong Europas vassdag. For EU er 22. mars eit unikt høve til å minne oss alle om at det finst løysingar, og om at menneskerettane står sentralt i å få desse løysingane på plass. Prinsippa om medverknad, ikkje-diskriminering og ansvarleggjering speler ei avgjerande rolle med sikte på å styrkje dei mest marginaliserte gruppene i samfunnet og vise at desse grunnleggjande spørsmåla ikkje lenger handlar om velgjerd.

Temaet for Verdas vassdag i år er “Reint vatn for ei frisk verd”. Vatn til personleg og husleg bruk må vere trygt, altså fritt for helseskadelege stoff. Tilgang til tilstrekkelege og trygge sanitæranlegg er ein av dei viktigaste mekanismane for å sikre kvaliteten på drikkevatnet.

EU er svært nøgd med innsatsen til ein del land, mellom dei ei rekkje EU-land, for å betre denne tragiske situasjonen ved at det både nasjonalt og internasjonalt vert gjennomført særlege tiltak, mellom anna på lovgjevingsområdet, for å betre tilgangen til trygt drikkevatn og trygge sanitære forhold.


Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.