Erklæring frå EU om Zimbabwe (26.05.10)

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2010/92/FUSP om vidareføring av dei restriktive tiltaka mot Zimbabwe.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2010/92/FUSP om vidareføring av dei restriktive tiltaka mot Zimbabwe.

Den 15. februar 2010 vedtok Rådet avgjerd 2010/92/FUSP (kunngjord 16. februar 2010 i Tidend for Den europeiske unionen L 41, s. 6). Rådsavgjerda vidarefører i eitt år dei restriktive tiltaka mot Zimbabwe (sjå Tidend for Den europeiske unionen C 38 frå 16.2.2010).

Desse tiltaka omfattar eit forbod mot å selje våpen og utstyr til Zimbabwe som kan brukast til intern undertrykking i landet, eit forbod mot å reise inn i eller gjennom medlemsstatane i EU for personar som driv verksemd som er ein alvorleg trussel mot demokrati, menneskerettane og rettsstaten i Zimbabwe, og frysing av aktiva for fysiske og juridiske personar, einingar og organ som støttar regimet økonomisk. Tiltaka varar fram til 20. februar 2011.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2010/92/FUSP: søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Armenia.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda. Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Les erklæringa på nettsida til EU.