Historisk arkiv

Erklæring frå EU om Kviterussland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg fredag 8. juli til vedlagte erklæringstekst frå Rådet om restriktive tiltak mot Kviterussland.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/357/FUSP om endring av avgjerd 2010/639/FUSP om restriktive tiltak mot visse tenestemenn i Kviterussland (130711)

20. juni 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/357/FUSP1. Rådsavgjerda innfører ein våpenembargo og ein embargo på utstyr som kan verte brukt til intern undertrykking, og inneheld endringar i lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg IIIA til avgjerd 2010/639/FUSP.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/357/FUSP:

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, sluttar seg til denne erklæringa.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

[1] Kunngjord 21.6.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 161, s. 25.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.