Historisk arkiv

Erklæring frå EU om dommen mot Julia Timosjenko

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 11. oktober til vedlagte erklæringstekst frå Rådet om dommen mot Julia Timosjenko.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om dommen mot Julia Timosjenko (111011)

EU er svært skuffa over dommen som vart avsagd i saka mot Julia Timosjenko ved distriktsretten i Petsjersk i Ukraina. Dommen kjem etter ei rettssak som ikkje overheldt dei internasjonale standardane for ein rettferdig, open og uavhengig rettargang, slik eg gjentekne gonger har oppmoda om i tidlegare erklæringar. Dette stadfestar dessverre at rettsprinsippa vert brukte selektivt i politisk motiverte rettssaker mot opposisjonsleiarar og medlemer av den førre regjeringa. Dette er spesielt skuffande for eit land som for tida har formannskapen i ministerkomiteen i Europarådet.

EU oppmodar vedkomande ukrainske styresmakter om å sørgje for ein rettferdig, open og upartisk rettargang i saka til Julia Timosjenko dersom ho vert anka, og i dei andre rettssakene som gjeld medlemar av den førre regjeringa. Retten til å anke må ikkje krenkjast ved at det vert lagt restriksjonar på om dei tiltalte kan stille til val i Ukraina i tida framover, blant anna parlamentsvalet som skal haldast neste år.

EU må tenkje gjennom politikken overfor Ukraina. Måten dei ukrainske styresmaktene overheld universelle verdiar og rettsstatsprinsippa på, og særleg måten dei handterer desse sakene på, kan få stor innverknad på det bilaterale tilhøvet mellom EU og Ukraina, mellom anna for sluttføringa av assosieringsavtalen, den politiske dialogen og samarbeidet generelt sett.

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, sluttar seg til denne erklæringa.

Ein innspelt versjon av erklæringa (kringkastingskvalitet) er tilgjengeleg på: http://tvnewsroom.consilium.europa.eu/

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen. + Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.