Historisk arkiv

EU-erklæring om internasjonal dag mot homofobi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 13.05 til ei EU-erklæring i i høve den internasjonale dagen mot homofobi, 17. mai 2011.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen i høve den internasjonale dagen mot homofobi, 17. mai 2011(170511)

I dag feirar vi den internasjonale dagen mot homofobi. Eg vil på nytt få stadfeste at EU – og eg sjølv – støttar sterkt opp om kampen for at alle menneske skal kunne nyte godt av alle menneskerettane utan å verte diskriminerte.

Verda over vert kjønnsidentitet og seksuell orientering enno feilaktig brukte som eit påskot for alvorlege brot på menneskerettane. Lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt-personar) vert framleis utsette for forfølging, diskriminering og alvorleg mishandling, ofte med bruk av ekstreme former for vald. Transpersonar og interseksuelle personar er ei særleg sårbar gruppe blant lhbt-personar. Om lag 80 statar kriminaliserer framleis frivillig seksuell omgang mellom vaksne personar av same kjønn, og sju statar føreskriv til og med dødsstraff. Dette er ikkje i samsvar med internasjonal menneskerettslovgjeving.

EU oppmodar alle statar om å setje ein stoppar for valdshandlingar, strafferettslege sanksjonar og menneskerettsbrot mot enkeltmenneske på grunn av den seksuelle orienteringa eller kjønnsidentiteten deira. På denne dagen heidrar vi òg minnet til dei framståande lhbt-aktivistane David Kato og John Edison Ramirez som vart drepne i fjor, og vi støttar valet av den ugandiske lhbt-aktivisten Kasha Jacqueline Nabagesera som vinnar av den anerkjende Martin Ennals-prisen for menneskerettsforsvararar.

Som ein del av arbeidet med å fremje og verne om menneskerettane vedtok EU i juni 2010 ei verktøykasse for å fremje og verne om alle menneskerettar for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt-personar). Gjennom det europeiske initiativet for demokrati og menneskerettar støttar òg EU ei rekkje organisasjonar som forsvarar rettane til lhbt-personar eller vernar om menneskerettsforsvararar på lhbt-området.

I denne samanhengen har EU sagt seg svært nøgd med felleserklæringa «Ending acts of violence and related human rights violations based on sexual orientation & gender identity» som vart vedteken i FNs menneskerettsråd 22. mars 2011 på vegner av 85 land frå alle verdsdelar. 15 EU-land var med i gruppa som førebudde denne erklæringa, og alle medlemslanda i EU gav si fulle støtte til dette initiativet. Felleserklæringa syner at det er eit aukande engasjement i verdssamfunnet for å fremje og verne om menneskerettane til alle menneske, uavhengig av seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island†, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

† Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.