EU-erklæring om International Criminal Court (30.03.11)

Norge slutta seg onsdag 30.03.11 til ei EU-erklæring om International Criminal Court.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/168/FUSP frå 21. mars 2011 om den internasjonale straffedomstolen og om oppheving av Rådets felles haldning 2003/444/FUSP (060411)

21. mars 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/168/FUSP1 om den internasjonale straffedomstolen og om oppheving av Rådets felles haldning 2003/444/FUSP.
Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/168/FUSP: søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landet Noreg, som er medlem av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Georgia.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

1 Kunngjord 22.3.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 76, s. 56
* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.