Historisk arkiv

Noreg slutta seg til EU-erklæring om Verdas vassdag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 25. mars tij ei EU-erklæring i høve Verdas vassdag og Europas vassdag.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av EU i høve Verdas vassdag og Europas vassdag (22. mars) (220311)

I dag feirar EU verdas 17. vassdag og Europas andre årlege vassdag. Tilgang til trygt drikkevatn og tilfredsstillande sanitæranlegg er avgjerande dersom folk skal leve under sunne og verdige forhold. Det er ikkje grunn til å slå seg til ro med situasjonen i dag: 884 millionar menneske verda over manglar tilgang til gode vasskjelder, medan meir enn 2,6 millionar menneske manglar tilgang til tilfredsstillande sanitæranlegg.

Alle land har ansvar for å sikre at folk kan nyte godt av menneskerettane sine fullt ut, og at dei har lik tilgang til helsetenester, utdanning, trygt drikkevatn, gode sanitære forhold, sosiale tenester og andre grunnleggjande tenester. EU verdset at FNs generalforsamling nyleg anerkjende menneskeretten til vann og sanitær, og at Menneskerettsrådet presiserte at denne retten er ein del av retten til ein tilfredsstillande levestandard.

EU helsar temaet for Verdas vassdag i år velkomen: «Vatn for byar». Den raske folkeveksten i byane i utviklingslanda legg ytterlegare press på infrastruktur og tenester, med særleg tragiske konsekvensar for slumbebuarane og dei heimlause. Då tusenårsmåla vart sette opp i 2000, forplikta verdssamfunnet seg til å sørgje for trygt drikkevatn og gode sanitære forhold til milliardar av fleire menneske innan 2015. EU la fram tusenårsmålinitiativet i fjor, der det vart sett av ytterlegare éin milliard euro til land i Afrika, Karibia og Stillehavet, og som fokuserer på vatn og sanitær. Vi seier oss glade for at ei rekkje EU-statar og andre land har gjennomført liknande tiltak, som har som mål å redusere det stadig større spriket mellom tilbodet på og etterspurnaden etter vatn.

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island +, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.