EU-erklæring om Libya (30.03.11)

Noreg slutta seg onsdag 30.03.11 til ei EU-erklæring om Libya.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/175/FUSP og rådsavgjerd 2011/178/FUSP om endring av avgjerd 2011/137/FUSP om restriktive tiltak i lys av situasjonen i Libya


21. mars 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/175/FUSP .Rådsavgjerda inneheld endringar av lista over personar og einingar som er underlagde restriktive tiltak som fastsett i vedlegg IV til avgjerd 2011/137/FUSP.

23. mars 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/178/FUSP . Rådsavgjerda gjennomfører tryggingsrådsresolusjon 1973 (2011), som utvida verkeområdet for dei restriktive tiltaka mot Libya som er nedfelte i tryggingsrådsresolusjon 1970, og innførte ytterlegare tiltak.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerda om restriktive tiltak i lys av situasjonen i Libya: søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia * og Montenegro*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Georgia.
Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.
Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.