EU-erklæring om Moldova (30.03.11)

Noreg slutta seg onsdag 30.03.11 til ei EU-erklæring om restriktive tiltak mot leiinga i Transnistria-området i Republikken Moldova

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2010/573/FUSP om restriktive tiltak mot leiinga i Transnistria-området i Republikken Moldova, som endra ved rådsavgjerd 2011/171/FUSP (040411)

27. september 2010 vedtok Rådet rådsavgjerd 2010/573/FUSP1. Rådsavgjerda fornyar reiserestriksjonane for visse personar i Republikken Moldova. 21. mars 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/171/FUSP2. Rådsavgjerda fornyar reiserestriksjonane for visse personar i Republikken Moldova.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/171/FUSP: søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia * og Montenegro*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova, Aserbajdsjan og Georgia.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

1 Kunngjord 28.9.2010 i Tidend for Den europeiske unionen L 253, s. 54
2 Kunngjord 22.3.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 76, s. 62
* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.