Historisk arkiv

Noreg slutta seg 23.03.2011 til ei EU-erklæring om rasediskriminering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg den 23. mars til ei EU-erklæring i høve den internasjonale dagen for avskaffing av rasediskriminering 21. mars 2011.

Noreg slutta seg den 23. mars til ei EU-erklæring i høve den internasjonale dagen for avskaffing av rasediskriminering 21. mars 2011.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av EU i høve den internasjonale dagen for avskaffing av rasediskriminering 21. mars 2011 (210311)

I år er det ti år sidan verdskonferansen mot rasisme, rasediskriminering, framandfrykt og liknande diskriminering vart halden i Durban i Sør-Afrika. EU støttar framleis heilt og fullt opp om hovudmålsetjinga til Durban-konferansen.

EU fordømmer alle former for rasisme, rasediskriminering, framandfrykt og liknande former for diskriminering, mellom anna diskriminering på grunn av seksuell orientering, som er heilt i strid med dei verdiane EU er tufta på.

Over heile verda står folk overfor denne typen diskriminering kvar dag. Vi kan berre lukkast i denne kampen dersom vi har ei konsekvent fast haldning på alle nivå. Det er ikkje rom for sjølvgodskap, heller ikkje i Europa.

Kampen mot diskriminering er òg ein del av det internasjonale arbeidet til EU. Gjennom det europeiske initiativet for demokrati og menneskerettar har EU den siste tida støtta ei rekkje organisasjonar i sivilsamfunnet gjennom om lag 120 prosjekt med eit beløp på totalt ca. 24 millionar euro.

Den internasjonale konvensjonen om avskaffing av alle former for rasediskriminering (ICERD) er det universelle grunnlaget for arbeidet for å førebyggje, nedkjempe og utrydde rasisme. EU oppmodar alle statar som ikkje enno har ratifisert eller fullt ut gjennomført konvensjonen, om å gjere dette.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landet Noreg, som er medlem av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.