Noreg har slutta seg til EU-erklæring om Libya (18.03.11)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg den 18. mars til ei EU-erklæring om sanksjoner mot Libya.

Noreg slutta seg den 18. mars til ei EU-erklæring om sanksjoner mot Libya.

 

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/137/FUSP som restriktive tiltak i lys av situasjonen i Libya, som endra ved rådsavgjerd 2011/156/FUSP (18.03.11)

 

28. februar 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/137/FUSP. Rådsavgjerda gjennomfører resolusjon 1970 (2011) frå FNs tryggingsråd, som innførte restriktive tiltak mot Libya og mot personar og einingar som innblanda i alvorlege brot på menneskerettane mot personar i Libya, mellom anna ved at dei i strid med folkeretten har teke del i angrep på sivilbefolkninga og sivile anlegg.

 

10. mars 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/156/FUSP. Rådsavgjerda inneheld endringar i lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg IV til avgjerd 2011/137/FUSP.

 

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/137/FUSP: søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island +, ei potensielle søkjarlanda Albania og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet , Republikken Moldova og Georgia.


Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda. Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.
  • Kunngjord 3.3.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 58, s. 53
  • Kunngjord 11.3.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 64, s. 29
* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.

 

Erklæringa kan leses på EUs nettsider.