Erklæring frå EU om sjølvstendet til Republikken Sør-Sudan

Noreg slutta seg 12. juli til vedlagte erklæringstekst frå Rådet om sjølvstendet til Republikken Sør-Sudan.

Erklæring frå EU og medlemsstatane om sjølvstendet til Republikken Sør-Sudan, 9. juli 2011 (090711)

Den europeiske unionen (EU) og medlemsstatane lukkønskjer folket i Sør-Sudan på det varmaste med å ha fått ein sjølvstendig stat.

EU har heile tida støtta gjennomføringa av den fullstendige fredsavtalen (CPA) frå 2005, som nådde sitt høgdepunkt med folkeavstemminga om sjølvstyre for Sør-Sudan. Folkeavstemminga vart gjennomførd på fredeleg og truverdig vis, og resultatet spegla fullt ut dei demokratisk uttrykte ønska til folket i Sør-Sudan. På denne historiske dagen ønskjer EU og medlemsstatane Republikken Sør-Sudan velkomen som ein ny, uavhengig stat.

Den nyaste staten i verda kjem til å trengje internasjonal støtte for å kunne etablere seg som eit sikkert, fredeleg og velståande land som er i stand til å møte forventningane og behova til innbyggjarane. EU og medlemsstatane har aktivt støtta utviklinga i Sør-Sudan sidan 2005 og ser fram til å vidareutvikle eit nært og langsiktig samarbeid med Republikken Sør-Sudan og innbyggjarane i landet.

EU og medlemsstatane vil halde fram med å støtte ein fredeleg overgang i Sør-Sudan. Etter kvart som Republikken Sør-Sudan vert til, håpar vi at leiarane i Sør-Sudan fullt ut vil nytte den eineståande sjansen dei har føre seg.

EU og medlemsstatane oppmodar leiarane i Sør-Sudan til å velje pluralisme og mangfald og leggje grunnlaget for eit demokratisk, rettferdig og inkluderande samfunn som er basert på rettsstaten og respekt for menneskerettane og dei grunnleggjande fridomane.

EU rosar regjeringa i Sudan for at dei anerkjende den nye Republikken Sør-Sudan med omgåande verknad.

EU og medlemsstatane nyttar høvet til å på nytt å understreke at dei støttar utviklinga av fredelege og gode nabotilhøve mellom Sudan og Sør-Sudan. EU rosar FN, AU og IGAD for støtta dei har gjeve til fredsprosessen i Sudan. EU står klar til å yte sin skjerv til å byggje opp to levedyktige statar og dei sentrale ordningane i kjølvatnet av fredsavtalen som vil støtte opp under tilhøvet mellom nord og sør på lang sikt.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.