Historisk arkiv

Noreg slutta seg til EU-erklæring om Syria

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg til EU-erklæring om dei valdelege overgrepa mot fredelege demonstrantar i Syria

Noreg slutta seg til EU-erklæring om dei valdelege overgrepa mot fredelege demonstrantar i Syria.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av EU om dei valdelege overgrepa mot fredelege demonstrantar i Syria (220311)

EU er djupt uroa over og fordømmer på det sterkaste den valdelege undertrykkinga, mellom anna ved bruk av skarp ammunisjon, av fredelege protestar på ulike stader i Syria dei siste dagane. Dette har ført til at fleire demonstrantar har vorte drepne, skadde eller utsette for vilkårlege tilbakehaldingar, noko som er uakseptabelt.

EU oppmodar dei syriske styresmaktene om å avstå frå å bruke vald og om å lytte til dei legitime ønska folket har, og møte dei gjennom inkluderande politisk dialog og genuine reformer og ikkje gjennom undertrykking.

EU forventar at undersøkingskomiteen som vart oppretta av innanriksdepartementet etter dei valdelege overgrepa i byen Daraa, sikrar at dei ansvarlege for at fredelege demonstrantar vart drepne og skadde, vert stilte til ansvar.

EU oppmodar dei syriske styresmaktene om å respektere dei internasjonale forpliktingane sine til menneskerettar og grunnleggjande fridomar.

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.