Historisk arkiv

Erklæring frå EU om dødsstraff i USA

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 20. september til vedlagte erklæringstekst frå Rådet om saka til Troy Davis som er dømd til døden i USA.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om saka til Troy Davis som er dømd til døden i USA (190911)

EU har med stor uro følgt saka til saka til den amerikanske statsborgaren Troy Davis, som er dømd til døden i delstaten Georgia. Det er no kunngjort at avrettinga skal finne stad onsdag 21. september 2011.

Det har heile tida vore alvorleg og overtydande tvil kring bevisa som låg til grunn for dommen mot Troy Davis, og dommarane i ankesaka har anerkjent denne tvilen. EU oppmodar difor om at dødsdommen straks vert omgjord.

Vi er klare over lidingane som ofra for valdelege brotsverk og familiane deira gjennomlever, men vi minner om at med dødsstraff inneber justismord, som førekjem i alle rettssystem, eit uoppretteleg tap av menneskeliv. Som følgje av dette uttrykkjer EU på nytt sin prinsippfaste og mangeårige motstand mot bruk av dødsstraff under alle omstende.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.