Historisk arkiv

Noreg sluttar seg til EU-erklæring om Libya (24.02.11)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Noreg har slutta seg til ei EU-erklæring om Libya.

Noreg har slutta seg til ei EU-erklæring om Libya:

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om Libya (24.02.11)

EU er alvorleg uroa over situasjonen som er under utvikling i Libya. Vi fordømmer på det sterkaste valden og maktbruken mot sivile og beklagar angrepa på fredelege demonstrantar som har ført til at hundrevis av sivile har mista livet. Desse brutale, omfattande brota på menneskerettane kan ikkje aksepterast.
EU tek opp att oppmodinga si om at det straks må verte slutt på maktbruken, og om at det må setjast i verk tiltak for å kome dei legitime krava til befolkninga i møte, mellom anna gjennom nasjonal dialog. Alle restriksjonar på ytringsfridomen, mellom anna Internett, og forsamlingsfridomen må opphevast med det same. Viljen til det libyske folket må respekterast, og EU står ved deira side.

Vi helsar velkomen erklæringa frå FNs tryggingsråd den 22. februar 2011, som oppmodar den libyske regjeringa om å leve opp til ansvaret for å verne om befolkninga, og som oppfordrar dei libyske styresmaktene til å overhalde menneskerettane og internasjonal humanitær rett. Vi helsar òg velkomen erklæringa frå Den arabiske ligaen den 22. februar.

Internasjonale menneskerettsobservatørar og humanitære organisasjonar må straks få tilgang til landet. EU er klar til å gje humanitær hjelp der det trengst.
EU oppmodar òg dei libyske styresmaktene om å sikre tryggleiken til alle utanlandske statsborgarar og leggje til rette for at dei som ønskjer å forlate landet, kan få reise ut.

EU seier seg òg glad for oppfordringa frå FNs tryggingsråd om at det må gjennomførast ei open, truverdig og uavhengig undersøking av hendingane i Libya, og at det må haldast eit eige møte i FNs menneskerettsråd 25. februar.

I denne samanhengen understrekar EU at dei som er ansvarlege for dei brutale overgrepa og valden mot sivile, vil bli haldne ansvarlege. EU har vedteke å avbryte forhandlingane med Libya om rammeavtalen mellom EU og Libya og er budd på å gjennomføre ytterlegare tiltak.

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.

Erklæringa på nettsida til EU.