Erklæring frå EU om Afghanistan

Noreg slutta seg 14. oktober til vedlagte erklæringstekst frå Rådet om Afghanistan.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/639/FUSP som gjennomfører avgjerd 2011/486/FUSP om restriktive tiltak retta mot visse personar, grupper, føretak og einingar i lys av situasjonen i Afghanistan (141011)

29. september 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/639/FUSP1. Rådsavgjerda inneheld endringar i lista over personar, grupper, føretak og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegget til avgjerd 2011/486/FUSP.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/639/FUSP:

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det. 

---------- 

1 Kunngjord 1.10.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 257, s. 24.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.