Historisk arkiv

EU-erklæring til støtte for torturofre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Norge sluttet seg 29. juni til en EU-erklæring til støtte for FNs internasjonale dag for torturofre.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen i høve den internasjonale FN-dagen til støtte for torturoffer, 26. juni 2011

I dag, på den internasjonale FN-dagen til støtte for torturoffer, er EU fast bestemt på å intensivere innsatsen for å sikre ei verd fri for tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff.

Tortur bryt totalt med humaniteten, menneskeverdet og verdiane våre – uansett kvar og kvifor det skjer, kan tortur aldri forsvarast.

Det absolutte forbodet mot tortur er eintydig fastsett etter folkeretten. Tortur må fjernast, og i dei tilfella der tortur framleis vert brukt, må vi gjere alt som står i vår makt for å rehabilitere ofra, både psykisk og fysisk. Statane må arbeide iherdig, målretta og effektivt for å førebyggje og kjempe mot all tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Statane må òg sikre at gjerningsmennene bak slike handlingar vert stilte for retten. EU oppmodar alle statar verda over om å følgje etter dei 27 EU-landa som alle har slutta seg til den internasjonale konvensjonen mot tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff frå 1984. I dag er det rundt 50 land i verda som enno ikkje er partar i konvensjonen, medan nesten halvparten av dei om lag 150 partane enno ikkje er fullverdige signatarstatar. EU oppmodar dei òg om å tilmelde seg den valfrie tilleggsprotokollen, som opnar for uavhengige besøk og undersøkingar av tortur. Alle statar er forplikta til å sørgje for at torturoffer får oppreisning og rimeleg og tilstrekkeleg erstatning , i tillegg til nødvendig rehabilitering. EU oppmodar òg på det sterkaste statane som er partar i denne protokollen, om å gjennomføre effektive tiltak slik at det vert oppretta uavhengige nasjonale førebyggjande mekanismar for å forhindre tortur på stader der det oppheld seg personar som er fråtekne fridomen.

EU oppmodar òg landa om å anerkjenne rolla og myndigheita til torturkomiteen, som mottek og behandlar meldingar frå enkeltpersonar. EU oppmodar statar som har framsett offisielle reservasjonar mot arbeidet til komiteen, om å trekkje dei tilbake.

EU har lenge sett heile den politiske tyngda si – og dei økonomiske ressursane sine – bak kampen mot tortur, førebygginga av tortur og rehabiliteringa av torturoffer. Gjennom det europeiske initiativet for demokrati og menneskerettar er unionen den fremste finansieringskjelda i verda for prosjekt som vert gjennomførte av sivilsamfunnsorganisasjonar for å rehabilitere torturoffer og kjempe mot tortur verda over. Mellom 2007 og 2010 brukte EU nesten 50 millionar euro på over 80 prosjekt verda over. Unionen har til dømes støtta ein stor kampanje for å fremje forståing av og merksemd rundt tortur og mishandling av personar med nedsett funksjonsevne.

På FNs generalforsamling og i menneskerettsrådet vil EU halde fram med å støtte kampen mot tortur. EU støttar fullt opp om FN-leiinga. Medlemslanda i EU har alltid vore medforslagsstillarar til FN-resolusjonar på dette området. EU seier seg glad for at Juan Mendez er utnemnd som FNs nye spesialrapportør om tortur, og unionen heidrar arbeidet som er gjort av kontoret til høgkommissæren for menneskerettar, torturkomiteen og underkomiteen for førebygging av tortur, i tillegg til FNs frivillige fond for torturoffer.

EU framhevar òg den iherdige og ofte heroiske innsatsen til dei mange frivillige organisasjonane og einskildpersonane som arbeider for å førebyggje tortur og for å lindre smertene til ofra. Vi veit, med Mahatma Gandhi, at tortur aldri vil nå målet: «Du kan lenkje meg fast, du kan torturere meg, du kan til og med øydeleggje denne kroppen, men du kan aldri fengsle tankane mine.» Så lenge det førekjem tortur, vil vi kjempe imot: Ei verd fri for tortur er målet vi deler.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.