Erklæring frå EU om Libya

Noreg slutta seg 14. oktober til vedlagte erklæringstekst frå Rådet om Libya.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/500/FUSP, rådsavgjerd 2011/521/FUSP, rådsavgjerd 2011/543/FUSP og rådsavgjerd 2011/625/FUSP om endring av rådsavgjerd 2011/137/FUSP om restriktive tiltak i lys av situasjonen i Libya

10. august 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/500/FUSP1. Rådsavgjerda inneheld endringar i lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg IV til avgjerd 2011/137/FUSP.

1. september 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/521/FUSP2. Rådsavgjerda fjerna einingar frå lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg IV til avgjerd 2011/137/FUSP.

15. september 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2010/543/FUSP3. Rådsavgjerda fjerna ei eining frå lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg IV til avgjerd 2011/137/FUSP.

22. september 2011 vedtok Rådet avgjerd 2011/625/FUSP4. Rådsavgjerda gjennomfører resolusjon 2009 (2011) frå FNs tryggingsråd, som inneheldt endringar av dei restriktive tiltaka som var pålagde gjennom tryggingsrådsresolusjon 1970 (2011) og 1973 (2011), og fjerna einingar frå lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg III og IV til avgjerd 2011/137/FUSP.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i desse rådsavgjerdene:

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova, Armenia og Georgia.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med desse rådsavgjerdene.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

-----------

1 Kunngjord 18.8.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 212, s. 1.

2 Kunngjord 2.9.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 227, s. 15.

3 Kunngjord 17.9.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 241, s. 30.

4 Kunngjord 23.9.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 246, s. 30.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.