Noreg slutta seg til EU-erklæring om Elfenbenskysten (25.02.11)

Noreg slutta seg den 25. februar til ei EU-erklæring om sanksjoner mot Gbagbos regime i Elfenbenskysten.

Noreg slutta seg den 25. februar til ei EU-erklæring om sanksjoner mot Gbagbos regime i Elfenbenskysten.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2010/656/FUSP om vidareføring av restriktive tiltak mot Elfenbeinskysten, som endra ved rådsavgjerd 2010/801/FUSP, rådsavgjerd 2011/17/FUSP, rådsavgjerd 2011/18/FUSP og rådsavgjerd 2011/71/FUSP (02.03.11)

29. oktober 2010 vedtok Rådet rådsavgjerd 2010/656/FUSP. Rådsavgjerda vidarefører dei restriktive tiltaka mot Elfenbeinskysten etter vedtaket av tryggingsrådsresolusjon 1946(2010).

22. desember 2010 vedtok Rådet rådsavgjerd 2010/801/FUSP. Rådsavgjerda legg sjølvstendige restriktive tiltak frå EU på dei som hindrar fredsprosessen og nasjonal forsoning, og særleg dei som set resultatet av valprosessen i fare (vedlegg II til avgjerd 2010/656/FUSP).

11. januar 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/17/FUSP. Rådsavgjerda inneheld endringar av lista over personar som er underlagde restriktive tiltak som fastsett i vedlegg II til avgjerd 2010/656/FUSP.

14. januar 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/18/FUSP. Rådsavgjerda inneheld endringar av lista over personar som er underlagde restriktive tiltak som fastsett i vedlegg II til avgjerd 2010/656/FUSP.

Rådsavgjerda legg ytterlegare restriktive tiltak på desse personane.

31. januar 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/71/FUSP. Rådsavgjerda inneheld endringar av lista over personar som er underlagde restriktive tiltak som fastsett i vedlegg II til avgjerd 2010/656/FUSP.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2010/656/FUSP som vidarefører dei restriktive tiltaka mot Elfenbeinskysten, som endra ved rådsavgjerd 2010/801/FUSP, rådsavgjerd 2011/17/FUSP, rådsavgjerd 2011/18/FUSP og rådsavgjerd 2011/71/FUSP:

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island†, dei potensielle søkjarlanda Albania og Bosnia-Hercegovina, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Armenia.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

  • Kunngjord 30.10.2010 i Tidend for Den europeiske unionen L 285, s. 28.
  • Kunngjord 23.12.2010 i Tidend for Den europeiske unionen L 341, s. 45.
  • Kunngjord 15.1.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 11, s. 31.
  • Kunngjord 15.1.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 11, s. 36
  • Kunngjord 2.2.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 28, p. 60

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
† Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.

Erklæringa kan leses på EUs nettsider.