Noreg slutta seg til EU-erklæring om Kviterussland (24.02.11)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg den 24. februar til ei EU-erklæring om sanksjoner mot Kviterussland.

Noreg slutta seg den 24. februar til ei EU-erklæring om sanksjoner mot Kviterussland.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2010/639/FUSP om restriktive tiltak mot visse tenestemenn i Kviterussland, som endra ved rådsavgjerd 2011/69/FUSP (03.03.11)

25. oktober 2010 vedtok Rådet rådsavgjerd 2010/639/FUSP. Rådsavgjerda stadfestar reiserestriksjonane og frysinga av aktiva for visse personar i Kviterussland.

31. januar 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/69/FUSP. Rådsavgjerda inneheld endringar i lista over personar som er omfatta av restriktive tiltak, slik at ho omfattar dei som var ansvarlege for brota på internasjonale normer for gjennomføring av val ved presidentvalet i Kviterussland 19. desember 2010 og for undertrykkinga av det sivile samfunnet og den demokratiske opposisjonen.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2010/639/FUSP om restriktive tiltak mot visse tenestemenn i Kviterussland, som endra ved rådsavgjerd 2011/69/FUSP: søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island †, dei potensielle søkjarlanda  Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, og EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

  • Kunngjord 26.10.2010 i Tidend for Den europeiske unionen L 280, s. 18.
  • Kunngjord 2.2.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 28, s. 40.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
† Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet

Erklæringa kan leses på EUs nettsider.