Noreg slutta seg til EU-erklæring om Tunisia (25.02.11)

Noreg slutta seg den 25. februar til ei EU-erklæring om Tunisia.

Noreg slutta seg den 25. februar til ei EU-erklæring om Tunisia.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/72/FUSP om restriktive tiltak retta mot visse personar og einingar i lys av situasjonen i Tunisia, som gjennomført ved rådsgjennomføringsavgjerd 2011/79/FUSP (020311)

31. januar 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/72/FUSP¹. Rådsavgjerda legg restriktive tiltak på personar som er ansvarlege for økonomisk utruskap mot den tunisiske staten.

4. februar 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/79/FUSP². Rådsavgjerda inneheld endringar i lista over personar som er omfatta av restriktive tiltak.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/72/FUSP om restriktive tiltak retta mot visse personar og einingar i lys av situasjonen i Tunisia, som gjennomført ved rådsgjennomføringsavgjerd 2011/79/FUSP: søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia * og Montenegro*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Armenia.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

¹Kunngjord 2.2.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 28, s. 62.
²Kunngjord 5.2.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 31, s. 40.
*Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

Erklæringa kan leses på EUs nettsidar.