Noreg har slutta seg til EU-erklæring om Zimbabwe (25.02.11)

Noreg slutta seg den 25. februar til ei EU-erklæring om sanksjoner mot Zimbabwe.

Norge slutta seg til en EU-erklæring om sanksjoner mot Zimbabwe:

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/101/FUSP om restriktive tiltak mot Zimbabwe (02.03.11)

15. februar 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/101/FUSP  . Denne rådsavgjerda vidarefører dei restriktive tiltaka mot Zimbabwe i 12 månader og inneheld endringar i lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/101/FUSP: søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, Montenegro* og Island†, dei potensielle søkjarlanda Albania og Bosnia-Hercegovina, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Armenia.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

Kunngjord 15.2.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 41, s. 9

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

† Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.