Erklæring frå EU om Moldova

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 11. oktober til vedlagte erklæringstekst frå Rådet om Moldova.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/641/FUSP om endring av avgjerd 2010/573/FUSP om restriktive tiltak retta mot leiinga i Transnistria-området i Republikken Moldova (141011) 

29. september 2011 vedtok Rådet avgjerd 2011/641/FUSP1. Rådet vidarefører reiserestriksjonane for visse personar i Republikken Moldova og oppdaterer lista over personar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg I og II til avgjerd 2010/573/FUSP. 

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/641/FUSP:

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Aserbajdsjan og Georgia.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

-----------

1 Kunngjord 30.9.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 254, s. 18.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.