Erklæring frå EU om Libya

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 8. juli til vedlagte erklæringstekst frå Rådet om restriktive tiltak mot Libya.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/332/FUSP og rådsavgjerd 2011/345/FUSP som gjennomfører rådsavgjerd 2011/137/FUSP om restriktive tiltak i lys av situasjonen i Libya (130711)

7. juni 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/332/FUSP1. Rådsavgjerda inneheld endringar i listene over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg IV til avgjerd 2011/137/FUSP.

6. juni 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/345/FUSP2. Rådsavgjerda inneheld endringar i listene over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg IV til avgjerd 2011/137/FUSP.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/332/FUSP og rådsavgjerd 2011/345/FUSP: 

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa. 

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda. 

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det. 

[1] Kunngjord 8.6.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 149, s. 10.

2 Kunngjord 17.6.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 159, s. 93.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.