EU-erklæring om Guinea

Noreg slutta seg onsdag 30.03.11 til ei EU-erklæring om Guinea.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/169/FUSP om endring av avgjerd 2010/638/FUSP om restriktive tiltak retta mot Republikken Guinea

21. mars 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/169/FUSP . Rådsavgjerda inneheld endringar av lista over personar som er underlagde restriktive tiltak.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/169/FUSP: søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia * og Montenegro*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.