Oppdatering av erklæring om restriktive tiltak mot Libya

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 7. juni til ei EU-erklæring om restriktive tiltak mot Libya.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/300/FUSP som gjennomfører rådsavgjerd 2011/137/FUSP om restriktive tiltak i lys av situasjonen i Libya (090611)

23. mai 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/300/FUSP1. Rådsavgjerda inneheld endringar i lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg II og IV til avgjerd 2011/137/FUSP.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/300/FUSP som gjennomfører rådsavgjerd 2011/137/FUSP: søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, det potensielle søkjarlandet Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova, Armenia og Georgia.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.


1 Kunngjord 24.5.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 136, s. 85.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.