Historisk arkiv

Restriktive tiltak i Egypt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg til erklæring restriktive tiltak retta mot visse personar, einingar og organ i lys av situasjonen i Egypt

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/172/FUSP om restriktive tiltak retta mot visse personar, einingar og organ i lys av situasjonen i Egypt (310311)

21. mars 2001 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/172/FUSP1. Rådsavgjerda inneheld eit pålegg om at midlane og dei økonomiske ressursane til personar som er identifiserte som ansvarlege for økonomisk utruskap mot den egyptiske staten, skal frysast.
Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/172/FUSP: søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia * og Montenegro*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Georgia.
Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.
Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

1 Kunngjord 22.3.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 76, s. 63.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.