Restriktive tiltak mot Iran

Noreg slutta seg 19. april til ei EU-erklæring om restriktive tiltak mot Iran.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/235/FUSP om restriktive tiltak retta mot visse personar og einingar i lys av situasjonen i Iran (280411)

12. april 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/235/FUSP . Rådsavgjerda legg restriktive tiltak på personar som er ansvarlege for alvorlege menneskerettsbrot i Iran.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/235/FUSP: søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania og Bosnia-Hercegovina, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.