Erklæring frå EU om restriktive tiltak mot Syria

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 8. juli til vedlagte erklæringstekst om restriktive tiltak mot Syria.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2011/367/FUSP som gjennomfører rådsavgjerd 2011/273/FUSP om restriktive tiltak mot Syria (130711)

23. juni 2011 vedtok Rådet rådsavgjerd 2011/367/FUSP1. Rådsavgjerda inneheld endringar i listene over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegget til avgjerd 2011/273/FUSP.

Formålet med denne erklæringa er å kunngjere at følgjande land har erklært at dei deler målsetjingane i rådsavgjerd 2011/367/FUSP: 

Søkjarlanda Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, sluttar seg til denne erklæringa.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det. 

[1] Kunngjord 24.6.2011 i Tidend for Den europeiske unionen L 164, s. 14. 

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.