Erklæring frå EU om avretting av Robert Jackson

Noreg slutta seg 1. august til vedlagte erklæringstekst frå Rådet om avrettinga av Robert Jackson i Delaware, USA.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om avrettinga av Robert Jackson i Delaware i USA 29. juli 2011 (020811)

Den europeiske unionen beklagar sterkt at Robert Jackson vart avretta i delstaten Delaware 29. juli 2011. EU meiner at land som ikkje enno har avskaffa dødsstraff, ikkje bør bruke denne straffa når eit de facto moratorium har eksistert i lengre tid. Avrettinga av Robert Jackson braut eit de facto moratorium som hadde vore i kraft i Delaware sidan 4. november 2005.

EU er klar over at det var eit grufullt brotsverk som låg til grunn for denne saka, og uttrykkjer si medkjensle overfor familien til offeret og andre etterlatne. Likevel er EU imot bruk av dødsstraff i alle saker og i alle samanhengar og oppmodar om eit globalt moratorium for avrettingar som eit første steg på vegen mot avskaffing av dødsstraff i alle land.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia * og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.