Historisk arkiv

EU-erklæring om internasjonal dag for pressefridom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

Noreg slutta seg 6. mai til ei erklæring i høve den internasjonale dagen for pressefridom 3. mai 2011.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen i høve den internasjonale dagen for pressefridom 3. mai 2011 (030511)

Meinings- og ytringsfridom er ein grunnleggjande rett for alle menneske og ein ibuande del av menneskeverdet. Det er òg ein hjørnestein i demokratiet og avgjerande for den frie informasjonsutvekslinga som alle har rett til. I høve den internasjonale dagen for pressefridom minner EU om desse grunnleggjande prinsippa, som er nedfelte i folkeretten, og den viktige rolla ei fri og uavhengig presse og frie og uavhengige medium speler. EU heidrar særleg det uvurderlege arbeidet som mange journalistar og andre mediearbeidarar verda over gjer, når dei med engasjement og stort mot er med på å få fram sanninga om aktuelle hendingar.

Som hendingane i nabolanda til EU den siste tida viser, er det ikkje berre takka vere det profesjonelle engasjementet til journalistar og andre mediearbeidarar, men òg takka vere dei mange private bloggarane, at verda får kjennskap til korleis forholda er på staden, og til folks håp om fridom og sosial rettferd. Men mange journalistar, særleg i konfliktområde, er likevel heile tida i fare når dei formidlar førstehandsinformasjon, nokre gonger med livet som innsats. I mange tilfelle er dei målskiver for dei som misliker opplysningane som kjem ut, og dei risikerer å verte arresterte, kidnappa, torturerte eller drepne. EU oppmoder alle regjeringar om å følgje internasjonale standardar for vern om medie- og pressefridomen og om straks å setje fri alle journalistar og bloggarar som sit ulovleg internerte.
Sensur og trakassering av journalistar kan ikkje godtakast. Dessverre er det framleis for mange land der det er restriksjonar på tilgangen til informasjon og den journalistiske fridomen. Internett og sosiale medium har vorte ein viktig kanal for å fremje ytringsfridomen – dei gjev tilgang til informasjon og er ein kanal for å kommunisere med flest mogeleg på ein måte vi aldri tidlegare har sett. Dette er årsaka til at EU er ein kraftig motstandar av alle grunnlause restriksjonar på Internett og andre nye medium.

EU oppmodar alle statar om proaktivt å fremje meinings- og ytringsfridom i tillegg til mediemangfald og mediefridom.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia*, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Aserbajdsjan og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.