Historisk arkiv

EU-erklæring om sanksjoner mot Elfenbenskysten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

21. februar sluttet Norge seg til en erklæring fra EU om sanksjoner mot Elfenbenskysten.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2012/74/FUSP som gjennomfører avgjerd 2010/656/FUSP om vidareføring av restriktive tiltak mot Elfenbeinskysten (280212)

Den 10. februar 2012 vedtok Rådet rådsavgjerd 2012/74/FUSP . Rådsavgjerda inneheld endringar i lista over personar og einingar som er omfatta av restriktive tiltak som fastsett i vedlegg II til avgjerd 2010/656/FUSP.

Det tiltredande landet Kroatia*, søkjarlanda Tyrkia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne avgjerda.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda. Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

Kunngjord 11.2.2012 i Tidend for Den europeiske unionen L 38, s. 43.
* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.