EU med felles holdning om Sri Lanka

29. februar sluttet Norge seg til en erklæring fra EU om Sri Lanka.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om forsoningskommisjonen på Sri Lanka (230212)

EU meiner at folket på Sri Lanka har ein historisk sjanse til å leggje grunnlaget for ei fredeleg og stabil framtid no som konflikten endeleg er avslutta. Det trengst reell forsoning mellom alle grupper og samfunn i dette landet, og dette krev i sin tur rettferd og ansvarleggjering for hendingar som tidlegare har funne stad. EU merkjer seg synspunktet til forsoningskommisjonen (LLRC) om at den grunnleggjande årsaka til den etniske konflikten på Sri Lanka er at fleire regjeringar etter kvarandre ikkje klarte å ta tak i dei rettmessige klagemåla til det tamilske folket.

EU oppmodar regjeringa på Sri Lanka om raskt å setje tilrådingane frå LLRC om i handling, noko som kan utgjere eit stort bidrag til den nasjonale forsoningsprosessen dersom desse tilrådingane vert effektivt gjennomførte,  mellom anna på område som desentralisering, fordeling av jorda, uavhengige institusjonar, mediefridom, språkpolitikk og openheit mot internasjonale bistandsytarar. LLRC kjem òg med nyttige tilrådingar når det gjeld gjenreising og overføring av makt til den sivile forvaltninga i nord, utfasing av deltakinga til tryggingsstyrkane i sivil verksemd, skilje mellom politiet og dei væpna styrkane, avvæpning av ulovlege væpna grupper og vern av sårbare grupper.

EU beklagar at spørsmål som vart stilte i rapporten frå ekspertpanelet til FNs generalsekretær, i stor grad ikkje er tekne med. EU minner om at spørsmålet om ansvarleggjering er ein sentral del av den nasjonale forsoningsprosessen og inneber at det må undersøkjast kven som har det spesifikke ansvaret for brotsverk som er gjorde av både regulære styrkar og LTTE, som framleis står på EU-lista over terroristorganisasjonar. Forsoningskommisjonen har etterlyst slike undersøkingar, og EU meiner at dette er det Sri Lanka bør byrje med.

EU oppfordrar framleis regjeringa på Sri Lanka til å samarbeide med FNs generalsekretær og relevante FN-organ når det gjeld både LLRC-rapporten og rapporten frå det rådgjevande  panelet som er utnemnt av generalsekretæren. Som aktiv medlem av verdssamfunnet har Sri Lanka høve til å leggje fram ein gjennomføringsplan som syner verda at det vert gjort konkrete og meiningsfylte tiltak for å oppnå reell forsoning.

Det tiltredande landet Kroatia *, søkjarlanda Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro*, Island+ og Serbia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Bosnia-Hercegovina, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, Montenegro og Serbia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.