Historisk arkiv

EU-erklæring om sanksjoner mot Tunisia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

13. februar sluttet Norge seg til en erklæring fra EU om sanksjoner mot Tunisia.

Erklæring frå den høge representanten på vegner av Den europeiske unionen om at visse tredjeland sluttar seg til rådsavgjerd 2012/50/FUSP om endring av avgjerd 2011/72/FUSP om restriktive tiltak retta mot visse personar og einingar i lys av situasjonen i Tunisia (280212)

Den 27. januar 2012 vedtok Rådet rådsavgjerd 2012/50/FUSP . Rådsavgjerda forlengjer dei restriktive tiltaka som er retta mot visse personar og einingar i lys av situasjonen i Tunisia, til 31. januar 2013.
Det tiltredande landet Kroatia*, søkjarlanda Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne avgjerda.

Dei vil sørgje for at den nasjonale politikken deira er i samsvar med denne rådsavgjerda.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

Kunngjord 31.1.2012 i Tidend for Den europeiske unionen L 27, s. 11.
* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.