Historisk arkiv

EU-erklæring om internasjonal dag for fri presse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

4. mai sluttet Norge seg til en erklæring fra EU om internasjonal dag for fri presse.

4. mai slutta Norge seg til en erklæring fra EU om internasjonal dag for fri presse.


EU

Brussel, 3. mai 2012 

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen i høve den internasjonale dagen for pressefridom 3. mai 2012 (030512)

Ytringsfridomen er nedfelt i den internasjonale menneskerettserklæringa og inneber at alle har rett til å ha meiningar utan innblanding og til å søkje, ta imot og formidle opplysningar og tankar gjennom alle typar media og utan omsyn til grenser. I høve den internasjonale dagen for pressefridom minner EU om desse prinsippa og heidrar alle dei som kjempar for ytringsfridom og for fridom og mangfald i pressa og andre medium.

Sensur og trakassering av redaktørar, skribentar, journalistar eller bloggarar er uakseptabelt, på same måten som bruk av vald og arrestasjonar frå staten si side. EU rosar motet journalistar visar i arbeidet sitt når dei, ofte under svært farlege tilhøve, held fram med å gje oss uavhengig informasjon. EU oppmodar alle statar om å garantere for tryggleiken til journalistar og gje dei høve til å gjere den viktige jobben med å rapportere om og kommentere hendingar på uavhengig vis utan å frykte vald eller represaliar.

Ytringsfridom gjeld òg på Internett og i andre medium, og EU er ein sterk motstandar av grunnlause og urimelege restriksjonar på tilgangen til eller bruken av desse media.

Det tiltredande landet Kroatia*, søkjarlanda Tyrkia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro*, Island+ og Serbia*, det potensielle søkjarlandet Albania, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, Efta-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, Montenegro og Serbia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av Efta og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.