Historisk arkiv

EU-erklæring om valet i Kongo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

12. januar slutta Noreg seg til ei erklæring frå EU om valet i Kongo.

Erklæring frå EUs høge representant på vegner av EU om dei endelege resultata av presidentvalet i Den demokratiske republikken Kongo og vidareføringa av den pågåande valprosessen 

EU har merkt seg dei endelege resultata av presidentvalet i Den demokratiske republikken Kongo (DR Kongo), slik dei vart kunngjorde av høgsterett i landet. EU merkjer seg at høgsterett har stadfesta resultata som vart offentleggjorde av den uavhengige nasjonale valkommisjonen (CENI), trass i manglane som vart avdekte av dei kongolesiske styresmaktene sjølve og av CENI.

EU ønskjer først av alt å heidre det kongolesiske folket, som gjekk talrike til urnene og stemte på fredeleg vis. I denne samanhengen vil EU på nytt få uttrykkje uro over dei alvorlege manglane og fråveret av innsyn i samanstillinga og offentleggjeringa av resultatet som det er rapportert om av mellom andre EUs valobservatørsendelag, noko som påverkar tilliten til valprosessen. EU kjem til å ta opp støtta til dei neste etappane i den kongolesiske demokratiseringsprosessen til ny vurdering.

Det er no viktig å dra lærdom av prosessen så snart som råd, og resultata av parlamentsvalet må samanstillast på ein måte som sikrar innsyn og tiltru. EU oppmodar CENI og dei kongolesiske styresmaktene om å ta omsyn til innvendingane frå observatørsendelaga, gjennomføre tilrådingane deira og vere opne for samarbeid med opposisjonen.

EU oppmodar alle politiske krefter om å vareta freden. Alle valdshandlingar må bannlysast, samtidig som den legitime retten til ytringsfridom vert vareteken. Politisk dialog er eit heilt nødvendig verktøy for å nå dette målet.

EU krev at dei påstådde krenkingane av menneskerettane som er rapporterte i samband med valet, vert granska, og at dei ansvarlege vert stilte for retten dersom slike krenkingar har funne stad. EU gjentek at den viktigaste oppgåva til dei kongolesiske styresmaktene er å sikre tryggleiken til borgarane.

Det tiltredande landet Kroatia*, søkjarlanda Tyrkia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.