Historisk arkiv

EU-erklæring om menneskerettsdagen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

6. januar slutta Noreg seg til ei erklæring frå EU i høve menneskerettsdagen.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen i høve menneskerettsdagen 10. desember 2011

På menneskerettsdagen heidrar Den europeiske unionen menneskerettsforkjemparane som vier liva sine til å fremje og verne om dei grunnleggjande rettane til folk verda over. I år fokuserer menneskerettsdagen på arbeidet til menneskerettsforkjemparar og på korleis sosiale media kan brukast til å fremje og støtte opp om endringar.

Den arabiske våren er ei klar påminning om at menneskerettane er universelle, og at folk over heile verda ønskjer å leve eit verdig liv i fridom. I 2011 bestemte tusenvis av menneske seg for at tida var inne til å gjere krav på rettane sine. Sosiale media bringa bodskapen deira vidare, slik at aktivistar og enkeltpersonar kunne bryte ut av einsemda, spreie ideane sine og fordømme undertrykking.

Regjeringar må ikkje legge band på bruken av sosiale media til å fremje menneskerettane. EU har gjentekne gonger offentleg fordømt restriksjonar på ytringsfridomen og på tilgangen til Internett, i tillegg til arrestering av bloggarar, slik vi har sett i mange land verda over.

Det tiltredande landet Kroatia*, søkjarlanda Tyrkia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro* og Island+, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Montenegro er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.  

 

Følg Utenriksdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Utenriksdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter