Holbergprisen

Holbergprisen vert delt ut for framifrå vitskapleg arbeid innanfor humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi. Holbergprisen anerkjenner banebrytande vitskaplege prestasjonar og skal auke merksemda om verdien av samfunnsvitskapleg og humanistisk forsking, bidra til å heve statusen til desse faga i samfunnet og stimulere interessa for faga blant barn og unge.

Holbergprisen vart oppretta av regjeringa i 2003 og vert forvalta av Universitetet i Bergen. Prisen har en verdi på 6 millionar kroner i 2019.

Vinnarar av Holbergprisen

2024 Achille Mbembe
2023 Joan Martinez-Alier
2022 Sheila Jasanoff
2021 Martha C. Nussbaum
2020 Griselda Pollock
2019 Paul Gilroy
2018 Cass R. Sunstein
2017 Onora O'Neill
2016 Stephen Greenblatt
2015 Marina Warner
2014 Michael Cook
2013 Bruno Latour
2012 Manuel Castells
2011 Jürgen Heinz Kocka
2010 Natalie Z. Davis
2009 Ian M. Hacking
2008 Fredric Jameson
2007 Ronald Dworkin
2006 Shmuel N. Eisenstadt
2005 Jürgen Habermas
2004 Julia Kristeva

Nils Klim-prisen

Nils Klim-prisen vert delt ut til ein yngre nordisk forskar innanfor fagområda humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi. Nils Klim-prisvinnaren må vere under 35 år ved nominasjonen, og må ha gitt et markert bidrag til forskinga innanfor feltet sitt. Det vert lagt vekt på evna til sjølvstende og nyskaping i forskinga.

Vinnarar av Nils Klim-prisen

2022 Elisa Katariina Uusimäki
2021 Daria Gritsenko
2020 Fredrik Poulsen
2019 Finnur Dellsén
2018 Francesca R. Jensenius 
2017 Katrine Vellesen Løken
2016 Sanja Bogojević
2015 Rebecca Adler-Nissen
2014 Terje Lohndal
2013 Ingvild Almås
2012 Sara Hobolt
2011 Jørn Jacobsen
2010 Johan Östling
2009 David Bloch
2008 Anne Birgitta Pessi
2007 Carina Keskitalo
2006 Linda Wedlin
2005 Dag Trygve Truslew Haug
2004 Claes de Vreese

Holbergprisen i skolen

Holbergprisen i skolen er eit viktig ledd i arbeidet med å stimulere interessa blant barn og unge for fagområda som Holbergprisen representerer. Ved å gjennomføre eit forskingsarbeid i samarbeid med etablerte forskarar vert elevar i vidaregåande skole kjende med aktuelle tema, spørsmål, metodar og utfordringar ved forsking.

Holbergprisveka

Hobergprisen og Nils Klim-prisen blir delt ut årleg i starten av juni under ein høgtideleg seremoni i Universitetsaulaen i Bergen. Det er ei rekke arrangement knytt til utdelinga, blant anna prisutdeling for Holbergprisen i skolen, forelesing og symposium.  Regjeringa er vertskap for ein bankett til ære for prisvinnarane i Håkonshallen

Ludvig Holberg

Holbergprisen har namn etter den norsk-danske akademikaren og dramatikaren Ludvig Holberg (1684–1754). Hovuddelen av forfattarskapet til Holberg var faglege skrift, deriblant store verk innanfor europeisk og dansk-norsk historie, jus og statsvitskap.

H.K.H. Kronprins Haakon Magnus deler ut Holbergprisen for 2017 til Onora O’Neill

Holberprisen 2017 (Foto: Thor Brødreskift/Holbergprisen)