Niels Henrik Abels matematikkpris

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Niels Henrik Abels matematikkpris (Abelprisen) vert delt ut for framifrå vitskapeleg arbeid innanfor matematikk. I tillegg til å anerkjenne banebrytande vitskapelege prestasjonar skal prisen òg auke merksemda kring matematikk i samfunnet og interessa for matematikk blant barn og unge.

Abelprisen vart oppretta av regjeringa i 2002 og vert forvalta av Det Norske Videnskaps-Akademi. Prisen har en verdi på 6 millionar kroner.

Abelprisen vert i 2017 delt ut til Yves Meyer ved École normale supérieure Paris-Saclay for bidraget til utviklinga av den matematiske teorien om såkalla wavelets. I 2016 gjekk Abelprisen til Sir Andrew J. Wiles ved Universitetet i Oxford for beviset av Fermats siste teorem ved hjelp av modularitetsformodninga for semistabile elliptiske kurver.

Vinnarar av Abelprisen

2017 Yves Meyer
2016 Sir Andrew J. Wiles
2015 John F. Nash jr. og Louis Nirenberg
2014 Yakov G. Sinai
2013 Pierre Deligne
2012 Endre Szemerédi
2011 John Willard Milnor
2010 John Torrence Tate
2009 Mikhail Leonidovich Gromov
2008 John Griggs Thompson og Jacques Tits
2007 Srinivasa S.R. Varadhan
2006 Lennart Carleson
2005 Peter D. Lax
2004 Sir Michael Francis Atiyah og Isadore M. Singer
2003 Jean-Pierre Serre

Bernt Michael Holmboes minnepris

Gode matematikklærarar er viktige for å stimulere interessa for faget blant barn og unge. Regjeringa finansierer Bernt Michael Holmboes minnepris, som vart oppretta av Norsk matematikkråd i 2004, og delt ut første gong i 2005. Prisen går til ein eller fleire matematikklærare eller eit matematikkmiljø i norsk grunnskole eller vidaregåande skole. Eigenskapar som det vert sett etter hos prisvinnarane, er evna til å formidle matematikk og skape interesse for faget, tilrettelegging for god undervisning, og innovasjon og nytenking. Prisen er på 100 000 kroner, som vert delt likt mellom prisvinnaren og skolen. Bernt Michael Holmboe (1795–1850) var matematikklæraren til Niels Henrik Abel.

Niels Henrik Abel

Abelprisen har namn etter den norske matematikaren Niels Henrik Abel (1802–1829). Abel er den norske matematikaren som er mest kjend internasjonalt. Trass i at han døydde berre 26 år gamal, skreiv han fleire banebrytande avhandlinger.