Forskingsbarometerkonferansen

Rapporten Forskingsbarometeret har i fleire år blitt lagt fram under ein forskingspolitisk konferanse arrangert av Kunnskapsdepartementet. Opptak av konferansene finn du her.


2016: Forsking for helse og omsorg

Barometeret blei i 2016 lansert saman med tilstandsrapporten for høgre utdanning 2. mai. Tema for barometeret var forsking og innovasjon for helse og omsorg. Konferansen handla om korleis fagfolk og innbyggjare kan få større nytte av helseforskinga, og om tilstanden i norsk høgre utdanning.

2015: Samarbeid akademia–næringsliv og samfunnskontakt og regional utvikling

Barometeret blei i 2015 lansert saman med tilstandsrapporten for høgre utdanning 5. mai. Tema for barometeret var kunnskapsoverføring og kommersialisering av forsking. Sjølve konferansen handla om samarbeid mellom forskingsinstitusjonar og næringliv, og korleis universitets- og høgskolesektoren har kontakt med samfunnet rundt.

2014: Forskermobilitet og profesjonsfaga

Barometeret blei i 2014 lansert saman med tilstandsrapporten for høgre utdanning 7. mai 2014. Tema for barometeret var forskermobilitet, og den andre sesjonen av konferansen tok for seg profesjonsfaga.

2013: Fornying og djervskap i forskinga, og internasjonalisering

Forskingsbarometerkonferansen 2013 blei arrangert 3. juni 2013 og tok opp to tema: fornying og djervskap, og internasjonalisering av forsking.

2012: Forsking i krisetid, og institutter med fortid og framtid

Forskingsbarometerkonferansen 2012 blei arrangert 29. mai 2012, og hadde to tema: korleis forsking kan bidra til å løse kriser i samfunnet, og om rolla til forskingsinstitutta i det norske forskingssystemet.

2011: Kunnskap for framtida

Forskingsbarometerkonferansen var en del av Vitenskapsåret 2011 og blei arrangert 17. mars 2011. Dei tre sesjonane bar titlane: «Er norske universiteter gode nok?», «Utdanner vi den kompetansen vi trenger?» og «Kan dagens forskingssatsingar gi oss noko å leve av i 2030?».