Eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa vil styrkje konkurransekrafta i næringslivet og har ein ambisjon om at Noreg skal bli eit av dei mest innovative landa i Europa.

For å halde ved lag den høge levestandarden over tid, må Noreg konkurrere på kunnskap som grunnlag for innovasjon og høgare produktivitet. Evna til å utvikle og ta i bruk ny kunnskap er blant dei viktigaste konkurransefaktorane for norsk næringsliv. Det er avgjerande både for omstilling i eksisterande næringar og som eit grunnlag for nye næringar.

Regjeringa vil trappe opp innsatsen til forsking og høgre utdanning som kan bidra til eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv. Regjeringa vil oppnå

  • mobilisering for meir forsking og utvikling og høg kompetanse i bredda av norsk næringsliv
  • meir nyskaping, nyetablering og kommersialisering basert på forsking
  • næringsutvikling basert på samfunnsutfordringane