Fornying i offentleg sektor og betre og meir effektive velferds-, helse- og omsorgstenester

Offentlege tenester med høg kvalitet er ein berebjelke i det norske velferdssamfunnet. Vi bruker store offentlege ressursar på tenestene, og i underkant av kvar tredje sysselsette i Noreg arbeider i offentleg sektor.

For å kunne tilby tenester som både svarar til dei stigande forventingane til innbyggjarane og gjer effektiv nytte av ressursane, må det offentlege stadig forbetre seg gjennom å ta i bruk ny kunnskap og nye organiseringsformer.

Regjeringa vil trappe opp innsatsen til forsking og høgre utdanning for å oppnå

  • ein meir kunnskapsbasert tenesteproduksjon og tenesteutvikling, med særleg vekt på forskingssvake og tverrsektorielle område av strategisk interesse
  • ein offentleg sektor som er ein pådrivar for og ein brukar av innovasjon
  • eit kunnskapssystem for betre helse og omsorg