Hav

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Noreg er ein havnasjon, og havbaserte næringar har mykje å seie for busetting, verdiskaping og sysselsetjing i heile landet.

Vi har mange leiande fagmiljø innanfor marine fag, og er ein føregangsnasjon når det gjeld forvaltning av havet, men det er enno behov for meir kunnskap om økosystem og marine ressursar for å kunne dra meir nytte av havet på ein berekraftig måte.

Regjeringa vil trappe opp innsatsen til forsking og høgre utdanning om havet for å oppnå

  • auka verdiar frå næringar på havet, i kystområdet og på kontinentalsokkelen
  • betre forvaltning av økosystem og ressursar i havområda
  • reint hav og sunn og trygg sjømat