Klima, miljø og miljøvenleg energi

Regjeringa har ein ambisiøs klima-, miljø- og energipolitikk. Regjeringa har blant anna som mål å oppnå ei langsiktig omstilling til eit lavutslippssamfunn innan 2050, forsterke klimaforliket og satse på miljøteknologi og miljøvenleg energiteknologi.

Norske forskingsmiljø og utdanningar er i fronten internasjonalt innanfor fleire område av klima- og miljøforskinga og på viktige område innanfor miljøvenleg energi. Noreg har òg eit velutvikla næringsliv på mange av dei områda der auka innsats i forsking og høgre utdanning har eit stort potensial for verdiskaping.

Regjeringa vil trappe opp innsatsen til forsking og høgre utdanning for å oppnå

  • utvikling av norsk teknologi for klima-, miljø- og energiutfordringane
  • omstilling til lavutsleppssamfunnet
  • betre forståing av klimaendringane og god tilpassing til dei
  • ei miljøtilpassa samfunnsutvikling