Langtidsplanen i politikken

Langtidsplanen for forsking og høgre utdanning fastset dei overordna måla og prioriteringane for korleis regjeringa skal styrkje forsking og høgre utdanning i perioden frå 2015 til 2024.

illustrasjonsbilde

Sektoransvar og samordning

Forskingspolitikken i Noreg er basert på sektorprinsippet, som inneber at departementa har ansvar for utvikling og utnytting av forskinga innanfor sine ansvarsområde. Dette gjer det nødvendig med god samordning for å sikre ein effektiv bruk av ressursane og for å sikre at forskinga tener samfunnet best mogleg, ved at dei store, sektorovergripande forskingsområda blir tatt hand om. Langtidsplanen er det viktigaste verktøyet for å sikre god koordinering og gjennomføring av politikken for forsking og høgre utdanning.

Stortingsmeldingane om forsking har satt overordna rammer for det norske forskingssystemet. Måla i langtidsplanen bryt ikkje med dei overordna måla i forskingsmeldingane under Stoltenberg II-regjeringa (St.meld. nr. 30 (2008–2009) Klima for forskning og Meld. St. 18 (2013–2014 Lange linjer – kunnskap gir muligheter), men utdjupar og prioriterer i sterkare grad kva for nokre område innsatsen skal styrkast på.

Forskingspolitikken i statsbudsjettet

Løyvingane til forsking blir fastsette i dei årlege statsbudsjetta, og budsjettframlegga frå departementa er derfor sentrale forskingspolitiske dokument. Alle departementa har løyvingar til forsking og utviklingsarbeid (FoU) i sine budsjettframlegg.

Budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet inneheld ei overordna omtale av dei samla løyvingane til FoU, som er om lag 30 milliardar kroner i forslaget til statsbudsjett for 2015.

Dei største satsingane i 2015-budsjettet er omtalte på nettsidene om satsingsområdet kunnskap gir moglegheiter for alle.

Forskingspolitiske strategiar

Regjeringa legg òg fram strategiar på ulike forskingspolitiske felt. Sidan internasjonalisering er eit gjennomgripande fenomen i forskinga, og det europeiske forskingssamarbeidet er i ei særstilling som den viktigaste internasjonale arenaen for norsk forsking, har regjeringa lagt fram ein strategi for forskings- og innovasjonssamarbeid med EU.