Mål og prioriteringar

Kunnskap og kompetanse er viktige konkurransefaktorar i økonomien, og i særleg grad for Noreg på grunn av det høge kostnadsnivået.

Illustarasjonsbilde

Regjeringa har satt tre overordna mål i langtidsplanen for forsking og høgre utdanning:

  • styrka konkurransekraft og innovasjonsevne
  • løyse store samfunnsutfordringar
  • utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet

Kunnskap og kompetanse er viktige konkurransefaktorar i økonomien, og i særleg grad for Noreg på grunn av det høge kostnadsnivået. Den offentlege innsatsen speler ei viktig rolle, både gjennom offentlege løyvingar til til dømes universitet og høgskolar, og gjennom å stimulere til private investeringar i forsking og utviklingsarbeid eller kompetansetiltak.

Dei store utfordringane som samfunnet står overfor, som tryggleik og beredskap, sjukdommar og epidemiar, sikker tilgang til energi, vatn og mat, kan ikkje handterast på ein god måte utan store investeringar i kunnskap . Dei er òg i stor grad globale problem, som krev internasjonalt samarbeid, både gjennom forsking og andre tiltak.

Forsking og høgre utdanning med gjennomgåande høg kvalitet er avgjerande for å nå måla for kunnskapspolitikken. Høg kvalitet er nødvendig for å kunne utvikle og ta i bruk kunnskap. Samstundes er den ypparste spissen av framifrå forsking som driv kunnskapsfronten lengst framover, og som fører til dei verkeleg store gjennombrota.

Langsiktige prioriteringar i langtidsplanen

Regjeringa vil trappe opp løyvingane til FoU innanfor seks langsiktige prioriteringar:

  • hav
  • klima, miljø og miljøvenleg energi
  • fornying i offentleg sektor og betre og meir effektive velferds-, helse- og omsorgstenester
  • mogleggjerande teknologiar
  • eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv
  • verdsleiande fagmiljø

Opptrappingsplanar i langtidsplanen

Regjeringa har som mål at det skal bli utført forsking og utviklingsarbeid (FoU) for tilsvarande tre prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) i Noreg innan 2030. Dei offentlege løyvingane til FoU skal auke meir enn BNP kvart år framover, til dei tilsvarar ein prosent av BNP. Regjeringa tar sikte på at målet kan bli nådd i perioden 2019–2020. 

Som ein del av satsinga vil regjeringa i løpet av perioden 2015–2018 styrkje nokre av dei viktigaste innsatsfaktorane i systemet for forsking og høgre utdanning. Regjeringa vil

  • trappe opp talet på rekrutteringsstillingar med 500 nye stillingar
  • auke løyvingane til forskingsinfrastruktur med 400 millionar kroner
  • auke løyvingane til ordningar som stimulerer til god norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, med 400 millionar kroner

For å nå måla i langtidsplanen er det nødvendig med moderne og funksjonelle bygg med tidsriktig utstyr. I oppfølginga av langtidsplanen vil regjeringa særleg prioritere to byggeprosjekt som støtter opp under dei langsiktige prioriteringane:

  • Nytt bygg for livsvitskap, farmasi og kjemi ved Universitetet i Oslo
  • Oppgradering av Marinteknisk senter i Trondheim, Ocean Space Centre