Mogleggjerande teknologiar

Nokre teknologiar fører til gjennomgripande endringar i samfunnet. Såkalla generiske teknologiar er ikkje knytte til bestemde føremål, men har ei lang rekkje bruksområde og dermed stort potensial for å påverke mange delar av samfunnet.

Slike teknologiar gir opphav til mange andre teknologiar, som vil kunne ha bruksområde vi ikkje kan sjå for oss i dag, og blir derfor kalla mogeleggjerande teknologiar.

Bioteknologi og nanoteknologi har vore prioriterte teknologiområde i Noreg dei siste 10 åra mens IKT har vore prioritert lenger enn det, men ikkje høgt nok. Teknologiutviklinga går raskt, og Noreg må som et høgkostland delta i forskingsfronten. For å ha norsk industri- og tenesteproduksjon og norske arbeidsplassar som kan konkurrere i nye marknader, må vi vere i stand til å effektivisere produksjonen og redusere kostnader.

Regjeringa vil trappe opp innsatsen på dei mogleggjerande teknologiane, og innrette satsinga mot:

  • bioteknologi og nanoteknologi
  • informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT)
  • avanserte produksjonsprosessar