Verdsleiande fagmiljø

Eitt av dei viktigaste satsingsområda i regjeringa si langtidsplan for forsking og høgare utdanning er å dyrke fram fleire verdsleiande forskingsmiljø i Noreg.

Skal Noreg hevde seg på linje med land vi liker å samanlikne oss med, må vi ha verkemiddel som gir dei aller beste forskarane ekstra gode sjansar til å skape ny kunnskap, forståing og teknologi.

I langtidsplanen slår regjeringa fast at vi skal vidareutvikle kvalitetsverkemiddel som vi allereie har. Vi skal også utvikle nye verkemiddel som tydelegare dyrkar fram høge ambisjonar. Ein større del av den offentlege finansieringa av institusjonar som utfører forsking og høgare utdanning, skal dreiast mot toppkvalitet.

Regjeringa vil trappe opp innsatsen til forsking og høgare utdanning som fører til at vi får fleire verdsleiande fagmiljø i Noreg. Målet er at:

  • Noreg har verdsleiande fagmiljø som gir ny forståing, betre konkurransekraft og evne til å møte samfunnsutfordringar
  • Norske fagmiljø tiltrekkjer seg og utviklar dei beste talenta
  • Dei beste forskarane og studentane har bygg og infrastruktur i verdsklasse