Genmodifisert mat

Genmodifisert mat er næringsmiddel som består av, inneheld, eller er framstilt ved hjelp av planter, dyr eller bakteriar som har fått endra arveeigenskapane sine ved hjelp av genteknologi.

Ansvaret for genmodifiserte matprodukt er delt mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Hovudskillet går ved om produktet er reproduksjonsdyktig/levande eller ikkje, og blir regulert anten etter genteknologilova (lovdata.no) eller matlova (lovdata.no).

Kva er genmodifisert mat? 

Genmodifisert mat er næringsmiddel som består av, inneheld, eller er framstilt ved hjelp av planter, dyr eller bakteriar som har fått endra arveeigenskapane sine ved hjelp av genteknologi. 

Noreg fører ein restriktiv politikk når det gjeld genmodifisert mat. I tråd med dette er det sett strenge krav til godkjenning og merking av slik mat. Hittil er ingen genmodifiserte produkt godkjente som matvarer i Noreg.

Regulering av genmodifiserte matvarer og organismer 

Det blir skilt mellom mat som består av eller inneheld levande genmodifiserte organismer, og såkalla avleia produkt, som er matvarer som er produsert på grunnlag av genmodifiserte organismer, men som ikkje inneheld levande genmodifiserte organismer.

Typiske døme på slike produkt er mais, ris, raps og soyabønner – og mel, olje og anna som blir produsert av desse råstoffa.

Mange andre plantar finst òg i genmodifiserte variantar etter kvart, til dømes poteter, paprika, tomatar og kveite.

Klima- og miljødepartementet har det politiske ansvaret for matvarer som består av eller inneheld levande genmodifiserte organismer, medan Helse- og omsorgsdepartementet er ansvarleg for avleia genmodifiserte matvarer.

Levande genmodifiserte produkt

Mat som består av eller inneheld levande genmodifiserte organismer er regulert i lov 2. april 1993 nr. 38 om framstilling og bruk av genmodifiserte organismer (genteknologilova) (lovdata.no).

Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for denne lova. Miljødirektoratet er fagetat for levande genmodifiserte produkt.

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for såkalla inneslutta bruk av levande genmodifiserte organismer. Med inneslutta bruk meiner ein bruk av genmodifisert materiale i laboratorium og anlegg.

Avleia produkt

Avleia produkt, altså matvarer som er produsert på grunnlag av genmodifiserte organismer, men som ikkje inneheld levande genmodifiserte organismer, er regulert i medhald av lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattryggleik (matlova).

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for dei genmodifiserte matvarene som fell innanfor denne lova. Mattilsynet er Helse- og omsorgsdepartementet sin fagetat for avleia genmodifiserte matvarer.

Avleia genmodifiserte matvarer kan berre bli omsett dersom dei er godkjende i samsvar med generell forskrift 8. juli 1983 nr. 1252 for produksjon og omsetning mv. av næringsmidler (lovdata.no). Denne forskrifta forbyr omsetning av slike matvarer, dersom dei ikkje først er godkjende av Mattilsynet.

Merking av avleia genmodifiserte matvarer

Avleia genmodifiserte matvarer, som er godkjende av Mattilsynet, skal merkast spesielt, slik at det tydeleg kjem fram at dei er genmodifiserte. 

Det norske regelverket for avleda genmodifiserte produkt samsvarer i all hovudsak med EUs regelverk for genmodifisert mat.